Hei, og velkommen som ny LURing!

Kom-i-gang-dagen 2013

Spanskrøret er linjeforeninga for studentane på lektorutdanning i realfag ved NTNU (LUR), og som LURing kjem du til å stifte godt kjennskap til oss. Me er snart klare til å informere om planene for fadderperioden som startar måndag 11. august. Det står mykje kult på programmet, og sjølvsagt oppfordrar eg dykk til å delta på så mykje de kan.

Dei neste månadene kjem du til å få mykje informasjon, både frå oss, NTNU og andre. Det kan bli litt overveldande, så i starten av fadderperioden kjem me til å dele ut eit hefte som inneheldt det meste du treng å få med deg den fyrste tida.

Viktige ting å gjere som ny student:

  1. Betale semesteravgift. Før du får lån, studentkort, medlemsskap på treningssentra osb. må den vere betalt.
  2. Registrere deg på Studentweb. Då får du tilgang til IT-systemet til NTNU.
  3. Melde adresseendring hjå Posten. Tips: berre registrer tilleggsadresse, så treng du ikkje omadressere alt du vanlegvis ville fått til heimstaden din.
  4. Skaffe adgangskort/studentkort. Dette gjer du på campus. Dei fyrste dagane er det mange som skal gjere det, så set av god tid til å stå i kø.
  5. Søke stipend og lån hjå Lånekassen.

Det hastar ikkje å starte med dette endå, men ein del kan vere praktisk å ha gjort unna. Om du ikkje får det til eller rekk det – ta det med ro. Du får hjelp når du kjem til Trondheim!

Meir informasjon finn du på NTNU sine sider om studiestart.

Eg håpar du gler deg til å kome til Noregs beste studieby om ein liten månad, og eg gler meg til å møte alle dykk nye lektorspirer. Reknar med at me sjåast på kom-i-gang-dagen på Gløshaugen 11. august!

 

– Stein Olav,
Rektor i Spanskrøret

 

PS: Viss du lurar på noko, så er det berre å sende meg ein e-post på rektor@spanskroret.no!